Plakat for “Norske samtidstroll” - en soloutstilling på Fotland Mølle
”NORSKE SAMTIDSTROLL”, sommarutstilling Vibeke Andersen
Det var ei gong i Arne Garborgs rike, langt, laaangt borte frå by og folk, at det skulle vera ei utstilling ved fossen. Dette var ikkje ein vanleg foss, men sjølvaste Fotlandsfossen! Den største fossen i omkrinsen til mil, som kanskje Haugtussa sjølv hadde besøkt. Ein stor og mektig foss som romma langt meir enn auga kunne sjå og sinnet forstå. Det hadde vore rykte om observerte vesen som ikkje tolte dagens lys. Dei skulle til forveksling likna menneske, men ved nærare ettersyn ha noko dyrisk og forvridd over seg. Kor kom dei frå? Var det Veslemøys syn som hadde manifestert seg?
Alle som kunne krypa og gå vart inviterte inn i Fotland Mølle for å følgja utstillinga med dei merkverdige skikkelsane. Det var berre dei modigaste som torde ta den bratta trappa ned i underverda, eller rettare sagt underetasjen. Det følgde nemleg også med ei åtvaring om å vera varsam med å dela løyndommar høgt, eller seie noko som burde haldast usagt. Det var ikkje berre Bergkongen som passa på, men det fanst fleire øyre i rommet enn dei som skikkeleg var plasserte på menneska.
Snipp.
Snapp.
Snute.
Så var eventyret så vidt byrja, men invitasjonen er ute.
Velkomen, om du tør.
Vibeke Andersen er ein kunstnar er busett i Stavanger med atelier på Sola. Ho er medlem av NBK-R og NKVN-R. Praksisen hennar dreier seg rundt mennesket, med portrettet i fokus. Andersen er oppteken av å gå i djupna, bak fasaden for å leita fram det skjulte. Ho tilnærmar seg portrettet via varierte medium, som teikning, måleri og tekstil.
Ope: 29.06, 06.07, 13.07, 20.07, 27.07 og 03.08, kl. 12.00-16.00
Inngang kr. 30,-.
Alle under 18 år gratis.
Torvhuset brukskunst er ope under utstillinga